Skip to content
På bildet ser vi to kjekke karar (Jhonny Torvud & Bjarte Grimelid), frå teknisk etat, i full gang med å julepynte. Det er mange i sving for å få julebyen klar til opning 30. november. Foto: Ole Jonny Klopstad

Julebyen Førde er i mål – 30. november blir det opning!

30.november tenner vi lysa i Julebyen Førde – og gjer den flotte byen til ei julepynta og stemningsfull oase av lys. Vi håpar så mange som råd tek turen og opplev stemninga. 

Ideen om Julebyen fekk initiativtakar Mariann Njøsen etter å ha opplevd andre julepynta byar. 
– I jula i fjor tenkte eg på flotte, julepynta byar eg har opplevd. Det er så koseleg med lys i den mørke årstida. Dette må vi få til i Førde også tenkte eg, både med å pynte til jul, men også å få til noko som kunne leve utanom jula. Det er mørkt om vinteren her, og lys skaper stemning og trivsel. Tenk å kunne nytte dette til festivalar og hendingar året, rundt, seier ho.  

Ei tideleg julegåve frå Førde kommune 

Førde kommune står som eigar og administrator av julepynten. Njøsen fortel om velvilje frå både kommunen og næringslivet frå start av.  
– Når vi kartla behovet og fekk prisa det, så vi at dette kom til å bli større enn vi trudde, både i form av arbeid, administrering og pengar. Totalbudsjettet er på 1.4 mill. kr. Finansieringa av Julebyen er eit spleiselag mellom næringsliv og Førde kommune, og alle har vist fantastisk givarvilje! Eg eg så takksam for den fantastiske responsen dette har fått. Når vi snakka med kommunen var dei særs positive, og gikk inn med både 200.000 kr., og ressursar frå teknisk avdeling. Sunnfjord Utvikling gav 125.000 kr., og administrativ hjelp til blant anna fakturering og rekneskap, slik at alt som skjer er etter boka. Så her går ein stor takk til Bente Hauge i Sunnfjord Utvikling, seier Njøsen.  

Førde kommune tente på Julebyen

– Kvifor tente de, bokstavleg talt, på prosjektet Julebyen Førde Trond Ueland?
– Det er det fleire årsakar til, men i korte trekk handlar det om at den eksisterande julepyntinga av Førde var litt trist. Det har mangla på julebelysning og markering av jula hos oss, seier Ueland med eit smil.
–  Kvart år har kommunen hengt opp litt julebelysning på sørsida, og teknisk etat har også bidrege til å få opp julelysa, men det var for smått. Potensiale for å gjere meir låg der, og det var eit sterkt ønskje frå vår side om å bli betre. Så når Mariann både gav oss kritikk og utfordra oss til å gjere noko med det, var tida overmogen for å ta tak. Vi er særs takksame for utfordringa og brukte ikkje lang tid på å bestemme oss: Sjølvsagt skulle vi vere med. Bystyret var også veldig støttande til dette, og bad oss om å ta ei aktiv rolle i dette, seier han. 

Det er betre å tenne lys, enn å forbanne mørket 
 Ueland kjem inn på kvifor det er viktig med betre lyspynting av Førde i vinterhalvåret. 

– Vi bur der vi bur, med høge fjell, og mykje mørke om vinteren. Samtidig har vi mykje fint som kan visast fram, blant anna renn verdas flottaste elv gjennom byen vår. Det gir eit enormt potensiale for å justere oss kraftig opp på pynting og verkeleg lyse opp byen vår, seier han. 
– Kva betyr Førde å ha fått dette på plass Ueland?
– Det er ein kjempemoglegheit for Førde til å vise seg meir fram, som den flotte handels- og besøksbyen den er. Eg trur dette vil gi sentrum meir merksemd. Det er mang innom Førde, det bur 50.000 menneske innan ein times radius rundt oss. Å tilby både dei som bur her, og dei som vitjar oss, eit opplyst, fargerikt og flott sentrum, det trur eg alle vil sette pris på. Dette vil gjere Førde meir attraktivt, og at det blir kjekkare å komme hit i vinterhalvåret. 

No tennast mange tusen julelys 
– Korleis blir det å sjå lysa bli tent Mariann?

– Eg føler at alt folk snakkar om no er julepyntinga, og kor dei gler seg til å sjå den. Og det kan eg skrive under på. Etter å ha jobba med dette eit år, og følt presset, så blir det ei letta og særs lukkeleg Mariann når lysa kjem på, seier ho.  

– Eg er veldig spent på å sjå sluttresultatet. Eg veit kva som kjem på papiret, men det blir noko anna å sjå det i røynda. Eg trur folk vil bli positivt overraska. Når vi først skulle gjere dette, er det gjennomtenkt og godt planlagt. Vi har fått god hjelp av fagfolk undervegs. Vi har har hatt ein leverandør til alt, som også er med og designar dette for oss. Det har vore eit stort prosjekt. Mariann Njøsen og Sunnfjord Utvikling har vore særs gode til å mobilisere næringslivet, og på planlegging og finansiering. Siste fase, med å få opp pynten, er litt krevjande. Eg har knegått teknisk etat og kommunen sine vaktmeistrar for å komme i mål. Men det skal vi få til, seier han med eit smil. 

Share on facebook
Share on twitter
Share on google
Share on linkedin