Skip to content
Illustrasjonsbilde Julebyen Førde

No kan vi gå i gang

Initiativtakarane bak «Julebyen Førde» kan no juble. –Det er fantastisk. No har vi fått inn nok pengar til å bestille det vi har planar om.

Rett føre helga kunne arbeidsgruppa fastslå at det er samla inn nok pengar frå bedrifter, bankar og Førde Kommune. Dermed kan planane for «Julebyen Førde» bli realisert.

-Det er fantastisk. Og det er mange å takke for at vi har fått eit såpass stort beløp. Vi har møtt så godt som utelukkande positive tilbakemeldingar.

Bestilt alt.

Med nesten 1,4 millionar på konto har arbeidsgruppa allereie gått til verket, og bestilt det som er planlagt frå selskapet MK Illumination AS.

-No er vi i mål med tanke på akkurat dette. Alt vi har planlagt, er bestilt. No handlar det berre om at vi må få på plass både lenkjer og lys til opninga av Julebyen. Og då trengst det mykje dugnadsfolk og litt meir pengar til montering. Der vil bli trong for folk til mellom anna å lage klar lyslenkjer og så tvinne rundt totalt 30 trær.

-Dessutan må vi ha folk med lift og ikkje minst kompetanse innan elektrikarfaget. For det er mykje praktisk arbeid som må på plass for at vi skal få sentrum av Førde til å funkle i adventstida.

Til adventstida.

Planen er å sette på lys i «Julebyen Førde» laurdag 30. november.

-Detaljane rundt det praktiske arbeidet er ikkje bestemt enda. Men vi ser fram til at så mange som mogleg vil stille opp på dette arbeidet. Alt arbeidet så langt er gjort på dugnad, og vi gjer det fordi vi har lyst til at det skal bli lysare og flottare i sentrum i den mørke årstida. Og vi veit at det er veldig mange som ser akkurat slik på dette.

– Initiativtakar Mariann Njøsen som for tida er sjukmeldt og derfor treng mykje hjelp, takkar arbeidsgruppa som har bestått av Trond Ueland og Bernhard Øberg i Førde kommune, Bente Hauge og Rolf Sanne Gundersen i Sunnfjord Utvikling, Ole Jonny Klopstad i Rein Design samt Liv Judith Straume og Sindre Roska. Utan dei så hadde vi aldri makta å få på plass økonomien. OG ikkje minst alle dei som økonomisk har støtta oss, og som dermed i klartekst viser at dei har trua på «Julebyen Førde».

Tekst: Stig Roger Eide

Share on facebook
Share on twitter
Share on google
Share on linkedin