Skip to content
Illustrasjonsbilde av Julelys i Førde

Vi nærmar oss målet

Julebyen Førde ser ut til å bli realisert slik som planlagt. – Men vi manglar framleis litt pengar. 

Arbeidsgruppa ser at når det nærmar seg siste frist for å bestille dei siste produkta til den nye julebelysninga i Førde sentrum, så har dei bikka over ein million kroner i innsamla kroner.

– Det har vore fantastisk flott å oppleve alle dei som har vore positive til prosjekta. Så godt som alle vi har snakka med, og det har vore mange, har vore udelt positive til at vi skal få meir lys i Førde sentrum i den mørke årstida. Og svært mange av desse har gjeve økonomiske bidrag slik at vi får realisert dette prosjektet i år. 

Framleis har vi ein fire-fem aktuelle bidragsytarar vi ikkje har fått svar frå, men vi håpar at målsettinga på 1,4 millionar skal vere nådd i løpet av kort tid. Noko av det vi så langt ikkje har nok pengar til er lyslenkjer, og det er klart at med dei på plass, så har vi fått prikken over i´en. Så vi håpar inderleg at det vil komme nokre positive tilsvar dei første dagane, seier arbeidsgruppa som i løpet av kommande veke skal ha møter med både Førde kommune og firmaet som står for utforminga av lyssetjinga, Illumination AS.

– Det er utruleg kjekt å sjå den positive responsen vi har fått. Når alt dette er på plass, så kjem perioden med praktisk arbeid i samband med lysa. Og då håpar vi at det dukkar opp elektrikarar og ikkje minst folk med lift og slik. For dette skal bli eit flott dugnadsarbeid for å gjere Førde sentrum meir attraktiv og flott i den mørke årstida, seier Mariann Njøsen og resten av arbeidsgruppa. 

Share on facebook
Share on twitter
Share on google
Share on linkedin