Skip to content
Illustrasjonsbilde av Julelys i Førde

Velkommen til Julebyen

Vi har lyst til å pynte opp Førde sentrum i den mørke årstida. Lenge har vi sett at mange andre plassar har gjort forsøk på dette, og no ser vi at både politikarar og innbyggjarar endeleg har lyst til å gjere det samme her. Noko vi er svært glade for. Men skal vi lukkast med dette er vi heilt avhengig av støtte frå deg, både som bedrift og einskildperson. Sjølv om Førde kommune gir økonomisk støtte, så treng vi sjølvsagt både pengar og moralsk støtte for å nå måla om å pynte byen vår fin til neste jul. Og jula deretter…….

På denne sida håpar vi å skape eit engasjement, både i form av informasjon, bilder og anna, som gjer at vi saman kan ta eit løft fram mot jula 2019. Så det hadde vore veldig flott viss du likar dette initiativet, at du deler sida med andre du kjenner. Og har du lyst til å vere med å hjelpe til, anten økonomisk eller praktisk, så vert vi svært glade for det. For no tek vi ein dugnad for JULEBYEN FØRDE!

Share on facebook
Share on twitter
Share on google
Share on linkedin