Skip to content
Julebyen Førde logo

Velkommen til Julebyen Førde

Det lyser i stille grender, av tindrande ljos i kveld – og no også i handelsbyen Førde. For ein skikkeleg handelsby, med lange aner, fortener sjølvsagt å bli julepynta etter alle kunstens reglar.

Illustrasjonsbilde av Julelys i Førde

Nyheiter

Illustrasjonsbilde Julebyen Førde

No kan vi gå i gang

Initiativtakarane bak «Julebyen Førde» kan no juble. –Det er fantastisk. No har vi fått inn nok pengar til å bestille det vi har planar om.

Les meir »
Illustrasjonsbilde av Julelys i Førde

Vi nærmar oss målet

Julebyen Førde ser ut til å bli realisert slik som planlagt. – Men vi manglar framleis litt pengar.  Arbeidsgruppa ser at når det nærmar seg siste frist for å bestille dei siste

Les meir »

Den kjæraste julesongen vi har, byrjar med tindrande ljos. Lyset gjer noko med oss menneske. Og sjeldan er det viktigare å lyse opp enn i november og desember. Jula gløder av lys, luktar av god mat, og er ein liten oase av hygge, pynt, samvær og glede – akkurat i det naturen er på det mørkaste.

Julebyen Førde vert driven på dugnad, av menneske som ønskjer å bidra til å julepynte Førde, slik at den flotte byen vår skal dirre av tindrande ljos i julehandelen.